Sjømat Kjøkkensjef Magnus Bergseth (t.v.) og dagleg leiar Ole Jonny Hjelmeseth har rikeleg tilgang på mat frå havet på Skotholmen. Og restauranten er godt motteken.
(Foto: Anne-Mari Tomasgard)

Sjømat Kjøkkensjef Magnus Bergseth (t.v.) og dagleg leiar Ole Jonny Hjelmeseth har rikeleg tilgang på mat frå havet på Skotholmen. Og restauranten er godt motteken. Foto: Anne-Mari Tomasgard

God start for Skotholmen

Første halvåret med drift hadde restauranten på Skotholmen 2500 gjester.

– Det er godt over det vi hadde forventa, seier Ole Johnny Hjelmeseth.

Sommaren 2016 opna ein heilt spesiell restaurant i Herøy, i ei gammal sjøbud på veglause Skotholmen.

Og det er tydeleg at tilbodet har slått an, både lokalt, men også for folk litt lenger unna.

Fullt opp

Til saman 2500 gjester har teke turen til holmen i løpet av dei første driftsmånadene, noko dagleg leiar Ole Johnny Hjelmeseth er godt nøgd med.

Sommarrestauranten hadde godt besøk, og utover hausten har det vore fleire lukka lag og temakveldar som har samla mykje folk. Og dei hadde fullt opp med julebord.

– I helga er her heilt fullt igjen, seier Hjelmeseth.

Då er det kjendiskokkane Morten Schakenda og Kristoffer Hovland som står for maten og vil servere ein femrettar. Dei har vore på Skotholmen heile veka for å jobbe med ei ny kokebok.

Les også: Morten Schakenda med ny kokebok: Deler smakar frå Gjerdsvika og Bagatelle (for abonnentar av Sunnmørsposten)

Midt i matfatet

Restauranten ligg midt i matfatet, med fiskefelta rett ved. Her tek dei med seg krabbeteinene på veg til jobb.

– Vi set menyen når vi ser kva råstoff vi får tak i, seier Hjelmeseth som satsar på å servere mykje fersk torsk i tida frå februar og framover til påske.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå: