SANDE: Dag Vaagen, ordførar i Sande kommune.
(Foto: Knut Arne Aarset)

SANDE: Dag Vaagen, ordførar i Sande kommune. Foto: Knut Arne Aarset

Nye Havøy kommune:

Over halvparten stemte nei

Resultatet er klart frå Sande og Herøy om nye Havøy kommune.

Det har måndag vore folkerøysting om samanslåing av Herøy og Sande til nye «Havøy kommune».

Tala frå Sande er no klare:

  • Ja: 40,3 prosent. (326).
  • Nei: 58,84 prosent. (476).
  • Blankt: 0,9 prosent. (7).
  • Valdeltaking: 39,5 prosent.

– Det er eit rimeleg klart nei, seier Sande-ordførar Dag Vaagen.

Seier ja eller nei til «Havøy»

Folk i Sande og Herøy får i dag seie meininga si om samanslåing av dei to kommunane.


Ifølgje ordføraren er dette eit rådgjevande svar frå folket. Kommunestyret skal handsame saka seinare i vår.

– No har vi sjekka ut varianten med Herøy, og utan at eg skal forskotere saka, så vil eg tru at kommunestyret står på sitt opprinnelege vedtak der ein går for ei breiare samanslutning, seier Vaagen til smp.no.

Sande har tidlegare gått for ei samanslåing av til saman fem kommunar på ytre med Herøy, Vanylven, Ulstein og Hareid.

– Det er visse moment som må oppfyllast, men då er det tilbake til det, ja. Det vedtaket står ved lag, seier Vaagen.

Resultatet frå Herøy

Valresultata er også klare frå Herøy.

  • Ja: 45,9 prosent. (693).
  • Nei: 51,6 prosent. (780).
  • Blankt: 2,5 prosent (37).
  • Valdeltaking: 21,35 prosent (1510).

– Eg er skuffa over at ikkje fleire ville gje oss eit tydeleg råd, seier Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr til smp.no.

Herøy har ca. 9000 innbyggjarar og Goksøyr meiner at ei valdeltaking på 20 prosent gir eit litt utydeleg signal.

– Vi skal tolke resultatet, men vi må sjå alvorleg på fleirtalsresultatet, sjølvsagt, seier han.

– Sande eller ingen for Herøy

Goksøyr trur kommunestyret vil lytte til rådet frå folket.

– Saka blir lagt fram med tilråding for kommunestyret 9. mars, og vi må sjå på om det er økonomiske og samfunnsmessige forhold vi må ta omsyn til utover folkerøystinga.

– Har Herøy ein plan B?

– No har vi gått gjennom ein modell med fem kommunar, og ein modell kor Sande inviterte Herøy. Vi har ikkje fleire planar, og eg oppfattar vår jobb som avslutta no.

Goksøyr trur det er Sande eller ingen for Herøy sin del som er aktuelt.

– Det å jobbe med nye alternativ trur eg er utelukka. Eg trur ikkje vi kjem til å starte nye prosessar etter vedtak i kommunestyret, seier ordføraren.

– Eg trur ikkje det blir eit problem for Herøy sin del å halde fram åleine. Vi er ein kommune som greier oss rimeleg godt. Vi har god drift, rimeleg bra økonomi og mykje dyktige fagfolk. Vi har heller ikkje vanskar med å rekruttere. Eg trur Herøy-politikarane er komfortable med storleiken på kommunen, og om vi seglar vidare for eigen kjøl om det blir endeleg vedtak. Eg søv svært godt om natta om det skulle bli resultatet, seier Goksøyr.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Hei, har du sett mange som meg i det siste?

Derfor ser du så mykje grågås!

– Nokre stadar har forholda vorte heilt ideelle for grågåsa, svarar Alv Ottar Folkestad til folk som reagerer på mykje grågås.

Superyacht frå Kleven:

Har du kring ein halv milliard til overs?

Den Kleven-bygde yachten Ulysses er framleis for sal eit år etter den blei lagt ut. Designaren trur ikkje eigaren er bekymra og peiker på at marknaden for utleige er stor.

Millioner til rydding av plast

Regjeringen deler ut ytterligere 25 millioner kroner til organisasjoner som vil rydde kysten for plast. Polarinstitutt-forsker mener mye arbeid gjenstår.

Herøy-ordførar sjukmeld

Ordførar i Herøy kommune, Arnulf Goksøyr, er sjukmeld på ubestemt tid.