Folkerøysting Kommunane Sande og Herøy har skrive under intensjonsavtale for samanslåing. I løpet av måndag skal innbyggjarane seie meininga si i folkerøysting. Rådet frå Inger-Lise H.H. Gjerde (t.h.) er at kommunestyret må stemme nei til samanslåing. Kjell-Åge Saure tek imot stemma. I bakgrunnen Greta Longva.
(Foto: Anne-Mari Tomasgard)

Folkerøysting Kommunane Sande og Herøy har skrive under intensjonsavtale for samanslåing. I løpet av måndag skal innbyggjarane seie meininga si i folkerøysting. Rådet frå Inger-Lise H.H. Gjerde (t.h.) er at kommunestyret må stemme nei til samanslåing. Kjell-Åge Saure tek imot stemma. I bakgrunnen Greta Longva. Foto: Anne-Mari Tomasgard

Seier ja eller nei til «Havøy»

Folk i Sande og Herøy får i dag seie meininga si om samanslåing av dei to kommunane.

Vallokalet ved Gursken oppvekstsenter i Sande opna klokka tolv måndag og i løpet av kort tid hadde det vore ein jamn straum med folk som ville stemme.

–Eg stemde nei, fortel Inger-Lise H.H. Gjerde frå Haugsbygda.

Fryktar å bli utkant

Nei til samanslåing med andre kommunar stemde ho også sist det var folkerøysting. Den gong var det Runde kommune som var alternativet.

–Vi er best tent med å vere ein kommune som vi er i dag. Om vi blir slått saman med ein større kommune, blir vi ein utkant, meiner Gjerde.

(Teksten held fram under bildet)

Svar Politikarane i Sande og Herøy ønskjer seg eit klart råd frå innbyggjarane.
(Foto: Anne-Mari Tomasgard)

Svar Politikarane i Sande og Herøy ønskjer seg eit klart råd frå innbyggjarane. Foto: Anne-Mari Tomasgard

 

Gjerde trur sandsokningane er delte i synet på samanslåing.

– Men uansett om det skulle bli nei-fleirtal, blir vi nok prakka på samanslåing, fryktar Gjerde og legg til at det viser seg at medbestemmingsretten som det var sagt ein skulle ha, ikkje er så stor likevel.

Stemde ja

Hallbjørg og Sigbjørn Rødseth hadde også teke turen for å seie meininga si.

– Vi stemde ja til samanslåing, fortel dei.

– Eg meiner vi kunne ha slått saman alle fire kommunane her, og det blir det nok med tid og stunder også, trur Hallbjørg Rødseth.

(Teksten held fram under bildet)

Gymsalen ved Gursken oppvekstsenter er eitt av stemmelokala for folkerøystinga i Sande. Her tek frå venstre Kjell-Åge Saure, Roger Hauge og Greta Longva mot stemmer.
(Foto: Anne-Mari Tomasgard)

Gymsalen ved Gursken oppvekstsenter er eitt av stemmelokala for folkerøystinga i Sande. Her tek frå venstre Kjell-Åge Saure, Roger Hauge og Greta Longva mot stemmer. Foto: Anne-Mari Tomasgard

 

Lite engasjement på førehand

Lokalavisa Vestlandsnytt hadde før helga ei førehandssak på folkerøystinga. På leiarplass skreiv dei at det er brukt mykje tid og ressursar på samanslåing, men det er eitt problem: Folk bryr seg ikkje.

Engasjementet før avstemming for Runde kommune var langt høgare. Folkemøte om det som er blitt kalla Havøy kommune har hatt lite deltaking, og fleirtalet av dei som møtte opp på folkemøte på Larsnes var over 70 år.

Fryktar blåmåndag

Avisa fryktar at folkerøystinga skal ende i blåmåndag, men oppmodar folk om å møte opp på folkerøystinga.

Ifølgje Vestlandsnytt er det fleirtal i kommunestyret i Sande for samanslåing. I Herøy er fleire av gruppeleiarane lunkne til samanslåing.

Politikarane håpar på eit tydeleg råd frå innbyggjarane, og måndag kveld kjem svaret.

Spent på valdeltakinga

I vallokalet i Gursken er valstyret spent på deltakinga denne gongen.

– Vi har hatt jamn straum så langt og ventar mest i fire-tida når folk er ferdige på jobb, seier Roger Hauge og fortel at valdeltakinga sist gong var under 50 prosent i denne krinsen.

Meir å lese på Herøynytt:
Vallokalet Gursken oppvekstsenter er eitt av vallokala i Sande.
(Foto: Anne-Mari Tomasgard)

Vallokalet Gursken oppvekstsenter er eitt av vallokala i Sande. Foto: Anne-Mari Tomasgard

Leses nå:

Ni får reise frå Murmansk i dag

Ni av mannskapet på den arresterte reketrålaren Remøy i dag startar på heimreisa.

Reketrålar frå Herøy ligg framleis i Murmansk og ventar på å få sleppe fri

Milliontap for «Remøy»

Den fastlåste situasjonen for reketrålaren «Remøy» er dramatisk. Mannskap og reiarlag taper ein halv million kroner i fangstinntekter per dag.

Remøy i russisk arrest skal få nytt mannskap

Organisasjonen Fiskebåt jobber for å bytte ut deler av mannskapet på reketråleren Remøy. Den har ligget i Murmansk siden 10. mai da den ble tatt i arrest.

Person skadd i ulykke

Naudetatane rykker ut til Drageskaret i Sande kommune.