Bergsøy skule avdeling Borga. 
        
            (Foto: Herøy kommune)

Bergsøy skule avdeling Borga.  Foto: Herøy kommune

Elevar kan få taksteinar i hovudet

Eigedomsavdelinga i Herøy har lagt ned ferdselsforbod på delar av utearealet ved Bergsøy skule Borga grunna fare for ras av takstein.

– Vi fryktar at det skal rase stein frå taket og ned på uteområdet ved skulen. Difor legg eigedomsavdelinga ned umiddelbart forbod mot ferdsel innnanfor det området vi vurderer som nedslagsfelt for takstein, opplyser Herøy kommune på si nettside.

Så langt er ikkje området sperra av.

– I tillegg til ovannemmde ferdselsforbod vert det dei næraste dagane montert sperring på eksisterande snøfangarar rundt heile bygget. Dette trur vi vil redusere farten på eventuell laus takstein slik at den ikkje vert til fare for personar, skriv kommunen.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Kreditorer måtte punge ut for Remøy si siste krill-tokt

Borevisor stiller spørsmål ved om Stig Remøy-selskapet burde reist på sin siste tokt.

Omgangssjuke på sjukeheim: – Har kontroll

Kommuneoverlegen i Herøy opplyser at det er utbrot av Norovirus (omgangssjuke) ved ei sjukeheimsavdeling i Myrvåg.

Fekk vatn i kjellaren

Brannvesenet måtte hjelpe fleire huseigarar som fekk vatn i kjellaren natt til laurdag.

Gjennombrot i Russland for Herøy-selskap:

Slik fekk dei gjennombrot i den russiske markaden

Kontrakt med tre russiske fiskeriselskap for levering av design- og engineeringpakkar for moderne autolinefartøy.