Sjutoppsturen Langfredag er Sandsøy IL sitt store, årlege trim- og løpsarrangement. Dette bildet er frå høgste toppen, Rinden, og syner i bakgrunnen Voksevegen, Voksa og Sandsfjorden.
(Foto: Sandsøy IL)

Sjutoppsturen Langfredag er Sandsøy IL sitt store, årlege trim- og løpsarrangement. Dette bildet er frå høgste toppen, Rinden, og syner i bakgrunnen Voksevegen, Voksa og Sandsfjorden. Foto: Sandsøy IL

– Sjutoppsturen i rute

Den tradisjonsrike Sjutoppsturen på Sandøya går som vanleg Langfredag.

Opplegget i store trekk er det same som tidlegare, fortel leiaren i trimgruppa til Sandsøy idrettslag, Anders Bringsvor, i ei pressemelding. Utgangspunktet blir mest truleg Rosenlund på Sandshamn.

– I fjor hadde vi rundt 350 deltakarar på Sjutoppsturen, og medrekna dei som gjekk marsj nærma vi oss 400 ivrige trimmarar, seier Bringsvor.

Sjutoppsturen er til saman på rundt 15 kilometer, med 1.000 meter opp og ned, samanlagt. Turen går innom Kletten, Kulen, Rinden, Signalen, Hellandsfjellet, Hornet og Grøntua.

Låglandsmarsjen går rundt Sandsvågen.

– I år er det ekstra sein påske, noko som skulle borge for vårlege forhold i den vakre naturen på «påskeøya». Vi satsar på god vårtemperatur og fine forhold, avsluttar Anders Bringsvor.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå: