Ankerhandteringsskipet Havila Mercury ved kai i Ålesund.
(Foto: Staale Wattø)

Ankerhandteringsskipet Havila Mercury ved kai i Ålesund. Foto: Staale Wattø

Havila tek inn att 30 sjøfolk i arbeid

Reiarlaget frå Herøy tek ankerhandterer ut av opplag.

Havila Shipping tek ankerhandteringsfartøyet Havila Mercury ut i spotmarknaden, melder Sysla.no.

Det betyr at reiarlaget kan ta inn 30 sjøfolk – 15 på kvart skift – fortel Havila-sjef Njål Sævik.

– Vi tek tilbake dei som var permittert frå skipet og nokre i tillegg. Då er det dei som har vore med oss før, som får mulegheita, seier Sævik til nettstaden.

Les siste saker om Havila

Havila har dermed sju skip i opplag.

Nettstaden skriv at det har stramma seg til i spotmarknaden den siste tida, og torsdag var det berre eit ankerhandteringsskip ledig.

Halv milliard i overskudd for Color Line

Color Group, som eier Color Line, gikk med 516 millioner kroner i overskudd etter avskrivinger og finansutgifter.

 

Stig Remøys krillkonkurs

Bobestyrer peker på Aker

En rettsforfølgelse fra Røkkes krillselskap Aker BioMarine i USA var den utløsende årsaken til at Stig Remøys krillselskap gikk konkurs.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå: