Kunstnar Laurdag opnar Olav Grimstad utstilling i Fosnavåg.
            (Foto: tilsendt)

Kunstnar Laurdag opnar Olav Grimstad utstilling i Fosnavåg.Foto: tilsendt

Første kunstnar til Herøy i år

Olav Grimstad er den første kunstnaren som stiller ut hos Herøy Kunstlag i 2017.

Det er nesten 20 år sidan sist kunstlaget viste fram verk av den utflytta ørstingen, men no blir det utstilling i Waage-huset i Fosnavåg den siste helga i april og den første i mai. Kunstnaren blir til stades på opninga og dagane 3. og 5. mai.

Olav Grimstad er fødd og oppvaksen i Ørsta. Men 67-åringen har sidan 1977 budd og arbeidd i Hurum. Den kunstnarlege utdanninga si har han frå kunststudiar ved Manger Fylkesskule, formingslærarskulen i Bergen og kunsthistorie. Utover dette er han autodidakt i akvarellmåling.

I tillegg til kunsten har Olav Grimstad undervist i forming i ungdomsskulen, og har teke del i fleire utstillingar sidan debuten i Ørsta Kunstlag 1977. Sidan 1998 har han drive sitt eige kunstgalleri og antikvariat, «Galleri & Gallera».


 
Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå: