Avtale om sal Frå venstre Lidvar Flydal i Sunnmørsposten
og Fred Frantzen i Vestlandsnytt

Avtale om sal Frå venstre Lidvar Flydal i Sunnmørsposten og Fred Frantzen i Vestlandsnytt

Medienytt

Sunnmørsposten kjøper Vestlandsnytt

Sunnmørsposten har inngått avtale med eigar av Vestlandsnytt om overtaking av 100 prosent av aksjane i selskapet.

Vestlandsnytt er lokalavis for Herøy og Sande og kjem ut to gonger i veka i eit opplag på vel 4.400. Vestlandsnytt sin sterke posisjon skal vidareutviklast gjennom nye digitale tilbod – både til lesarar og annonsørar.

- Avgjerda om å overlate avisverksemda til ein annan aktør har gradvis modna. Eg nærmar meg pensjonsalder og har hatt ansvaret for drifta av Vestlandsnytt i over 40 år, seier eigar og dagleg leiar Fred Frantzen og legg til:

- Det er sjølvsagt ikkje med lett hjarte eg har kome til denne konklusjonen, det å overlate livsverket til andre, - men alt har si tid. Etter lang tids vurdering av fleire alternativ, og utifrå ei totalvurdering, har eg kome til at Sunnmørsposten er det rette valet med tanke på å vidareutvikle og føre Vestlandsnytt inn i framtida. Sunnmørsposten har vist at dei kan balansere rolla som mediehuset for Nordvestlandet, og det å vere eigar av lokalaviser i den same regionen.

Halde fram

- Frå mi side har det under heile salsprosessen  vore ein klar føresetnad  at Vestlandsnytt skal halde fram som lokalavis for Herøy og Sande, og framleis vere det lokale ankerfestet for lesarar og annonsørar i dette området. Slik har det vore i 86 år, og slik skal det vere vidare.  At hovudkontoret skal ligge i Fosnavåg, er ein like klar føresetnad. Vi har ei tydeleg felles målsetting om at Vestlandsnytt skal halde fram med å vere best på formidling av lokale nyhende og informasjon i nedslagsområdet, og ser med forventning fram til at lokalbladet sin sterke posisjon kan utviklast vidare inn i den digitale framtida, seier Frantzen, som også vil nytte høvet til å takke sine dyktige medarbeidarar gjennom alle år.

Langsiktig perspektiv

Han legg til at det kjennest godt å vite at den nye eigaren ser på Vestlandsnytt i eit langsiktig perspektiv, sjølvsagt med redaksjonelt sjølvstende, til glede for noverande og nye lesarar.

Vestlandsnytt vart skipa av Olav Aurvoll i 1935. På midten av 1950-talet tok Frantz G. Frantzen over som eigar og drivar, ei rolle  Fred Frantzen vidareførte etter faren sin bortgang tidleg på 70-talet. 

Vestlandsnytt hadde i 2016 ei omsetning på om lag 10 mkr og eit brutto driftsresultat (EBITDA) på 1,9 mkr.

Ved kjøpet av Vestlandsnytt utvidar Sunnmørsposten si rolle som eigar av lokale mediehus på Nordvestlandet. Frå før er mediehuset eigar av Sunnmøringen, Vikebladet Vestposten, Møre-Nytt, Fjordenes Tidende, Fjordabladet og Fjordingen. Gjennom majoritetseigarskap i Skjåk Mediautvikling, utgjevar av Fjuken, er også Sunnmørsposten indirekte eigar av Vigga (Dombås) og Dølen (Vinstra). Sunnmørsposten er ein del av Polaris Media Nordvestlandet, som er eit underkonsern i Polaris Media.

Veldrive avishus

- Vestlandsnytt er mellom dei største lokalavisene i fylket. Avisa framstår som eit solid og veldrive lokalt avishus med godt omdøme som har ei sterk forankring både hos lesarar og annonsørar i sitt område. Dette er det beste utgangspunktet for å utvikle Vestlandsnytt vidare, seier adm. dir. i Sunnmørsposten, Lidvar Flydal.

- Prioriterte oppgåver framover blir å gi både lesarar og annonsørar eit godt tilbod, både på papir og i digitale kanalar. Sunnmørsposten og Polaris Media har eit sterkt digitalt utviklingsmiljø som kan bidra til dette. Det godt etablerte marknadssamarbeidet mellom Vestlandsnytt og våre lokale mediehus på Søre Sunnmøre skal også utviklast vidare, legg Flydal til.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Leiteaksjon ved Herøybrua

Redningsskøyte, brannvesen og helikopter i aksjon ved Herøybrua seint laurdag kveld.

Årets Gaselle i Møre og Romsdal

RS-Systems fra Fosnavåg er årets gaselle-bedrift i Møre og Romsdal.

Uavklart for «Sett Sjøbein»

«Sett Sjøbein» er usikre på om dei er med i neste års statsbudsjett.

Mykje torskeyngel i nord

Etter to labre år er det no mykje torskeyngel i Barentshavet, melder Havforskningsinstituttet.

Opsjon for «Havila Clipper»

Mærsk Olie og Gas har, ikkje uventa, erklært seks månaders opsjon for PSV-fartøyet «Havila Clipper», melder Havila Shipping onsdag morgon.

Til sjukehus i helikopter:

Falt under arbeid med brusøyle