Halden att Reketrålaren Remøy som er eigd av Remøy Havfiske i Fosnavåg. 
        
            (Foto: Fiskebat.no)

Halden att Reketrålaren Remøy som er eigd av Remøy Havfiske i Fosnavåg.  Foto: Fiskebat.no

Jobbar intenst med å få frigitt Remøy-trålar

Herøy-reiar seier mannskapet har det bra.

Reketråleren Remøy:

Norsk tråler holdes tilbake i Murmansk

En norsk tråler blir holdt tilbake av russiske myndigheter og ligger ved kai i Murmansk.

Det var tidleg måndag ikkje blitt noko løysing for reketrålaren Remøy som blir heldt tilbake av russiske styresmakter i Murmansk, melder Fiskebåt.no.

Det er Remøy Havfiske i Fosnavåg som eig trålaren som sist vart brakt opp av den russiske kystvakta. Fiskeristyresmaktene både på norsk og russisk side jobbar med å få frigitt trålaren.

– Diverre har dette tatt lenger tid enn vi hadde håpa på, men mannskapet har det bra og vi er ein god dialog med russiske styresmakter, så vi håpar sjølvsagt på ei snarleg løysing seier styreleiar i Remøy Havfiske, Olav Remøy, til nettstaden.

Herøy-reiaren vil ikkje kommentere saka i media før saka er løyst, skriv Fiskebåt vidare.

Årsaka til at trålaren er heldt tilbake, blir omtala som ein bagatell, og skal dreie seg om en feil i dokumenta i samband med behandlinga av lisensen til fartøyet.

– Dette er ei sak mellom Grensevakta og reiarlag/kaptein, men generalkonsulatet vårt i Murmansk følgjer saka, og bistår mannskapet om bord. Dei har det bra. Russiske styresmakter handterer saka etter fastsette prosedyrar, opplyste Ane Lunde i Utanriksdepartementet til avisa Nordlys søndag.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Kreditorer måtte punge ut for Remøy si siste krill-tokt

Borevisor stiller spørsmål ved om Stig Remøy-selskapet burde reist på sin siste tokt.

Omgangssjuke på sjukeheim: – Har kontroll

Kommuneoverlegen i Herøy opplyser at det er utbrot av Norovirus (omgangssjuke) ved ei sjukeheimsavdeling i Myrvåg.

Fekk vatn i kjellaren

Brannvesenet måtte hjelpe fleire huseigarar som fekk vatn i kjellaren natt til laurdag.

Gjennombrot i Russland for Herøy-selskap:

Slik fekk dei gjennombrot i den russiske markaden

Kontrakt med tre russiske fiskeriselskap for levering av design- og engineeringpakkar for moderne autolinefartøy.