Murmansk: Mannskapet på «Remøy» har det bra, men begynner å bli lei av å ligge i Murmansk. Bildet er teke 17. mai. Framme frå venstre Joakim Nerland og Jermund Hide. Bak frå venstre Kåre Elvesæther, Berit Johanne Håvoll, Joakim Djupvik, Håvard Vågsholm Sævik, Robin Røssevold og Joar Nerland. FOTO: Privat
            (Foto: innsendt)

Murmansk: Mannskapet på «Remøy» har det bra, men begynner å bli lei av å ligge i Murmansk. Bildet er teke 17. mai. Framme frå venstre Joakim Nerland og Jermund Hide. Bak frå venstre Kåre Elvesæther, Berit Johanne Håvoll, Joakim Djupvik, Håvard Vågsholm Sævik, Robin Røssevold og Joar Nerland. FOTO: PrivatFoto: innsendt

Reketrålar frå Herøy ligg framleis i Murmansk og ventar på å få sleppe fri

Milliontap for «Remøy»

Den fastlåste situasjonen for reketrålaren «Remøy» er dramatisk. Mannskap og reiarlag taper ein halv million kroner i fangstinntekter per dag.

– Det er dramatisk. Det er 34 personar som hentar løn derifrå, og mannskap og reiarlag taper ein halv million kroner per dag. I tillegg kjem verdiskaping og sysselsetting som dette fiskeriet gir i land, seier adm.dir. Audun Maråk i Fiskebåt.

Og han held fram:

– I tillegg har reiarlaget eit rekordstort og uløyseleg kausjonsbeløp hengande over seg, for ein feil som ikkje kan lastast dei. Det kan ikkje bli verre.

Begynner å bli lei

Om bord i båten er eit mannskap på 17. Dei fleste er frå Sunnmøre, tre frå Romsdal og to frå Færøyane.

– Vi har det heilt greitt, men begynner å bli lei, seier Kjetil Ervik frå Giske, skipper på «Remøy» som sidan 10. mai har lege for anker i Murmansk.

Ifølgje Maråk skulle dei 17 ha vore i land allereie, og reiarlaget undersøkjer no moglegheitene for mannskapsbyte.

Fram til no har det ikkje vore aktuelt for nokon av mannskapet å reise heim, sidan ein ikkje trudde dette skulle ta så lang tid. Ervik meiner det er mogleg

at nokre av dei kan reise heim, men ein vil måtte ha ei sikkerheitsbemanning om bord.

– Vi tenkjer mest på dei heime. Det er nok verre for dei enn for oss, seier Ervik og fortel at det ufrivillig opphaldet har fått trasige konsekvensar som ein barnedåp som er utsett på ubestemt tid.

Blir godt behandla

Ifølgje Ervik blir mannskapet godt behandla i Russland:

– Dei russarane vi snakkar med har vi eit godt forhold til. Inspektørane er profesjonelle, og vi har ingen ting å utsetje på behandlinga deira.

Det er ikkje så ofte dei går i land, sidan det er litt styr å organisere det praktiske, med leige av båt og passkontroll. Dei som har med pass har vore i land i to rundar. Den eine gongen 17. mai, då det norske konsulatet organiserte eit opplegg. Fredag var nokre av dei på shoppingsenter.

Så langt har dei hatt nok mat.

– Dei som har vore i land fyller opp nokre handlenett med ferskvarer og det stuerten ønskjer seg. Og konsulatet har ordna meir dopapir til oss, seier Ervik med ein liten latter.

Om bord i båten er det ikkje noko som står på mannskapet. Dei har trimrom, tv og tilgang til internett.

– Ingen kunne ane at det skulle bli så lenge, men vi får berre sitje her og passe båten og håpe at det blir jobba på for å løyse situasjonen, seier Ervik som viser til havfiskeflåten sin organisasjon Fiskebåt for meir uttale om situasjonen.

Håp om rask løysing

Maråk seier det no blir jobba på fleire hald for å få løyst saka.

– Vi håpar på rask løysing, men i verste fall kan dette dra ut i tid, seier Maråk.

Det er UD som no handterer saka, og stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) har retta skriftleg spørsmål til utanriksminister Børge Brende, der ho spør kva regjeringa gjer for å få frigitt båt og mannskap og kva tid ein ventar løysing. Og ho meiner norske styresmakter må handle raskt når det er den norske staten som har gjort feil i saka.

Pressetalsperson i Utenriksdepartementet, Astrid Sehl sa før helga til smp.no at norske styresmakter følgjer saka nøye, og at saka er under behandling i det russiske rettsvesenet.

Ber staten stille garanti

Maråk seier konsekvensane blir større for kvar dag som går:

– Vi forventar at staten som har gjort ein feil, ordnar opp. Det må vere lov å gjere feil utan at det får slike konsekvensar, og den som gjer ein slik feil må stille opp med kausjonsbeløpet, meiner Maråk og legg til at det er snakk om å stille garanti for denne summen på 90 millionar kroner. Så vil reaksjonen bli ein annan når saka blir løyst.

Fryktar konsekvensane

No fryktar Maråk at saka kan få negative konsekvensar for fiskerisamarbeidet i nord.

– Norske fartøy vil vegre seg for å gå i russisk farvatn. Det har ikkje noko føre seg ha gjensidig sonetilgang viss formalfeil av denne karakter skal få så fatale konsekvensar, seier han.

Russarane fiskar ifølgje Maråk rundt tigongen i norsk farvatn i forhold til det norske fartøy fiskar i russisk farvatn.

– Norsk sone har større verdi for russiske fiskarar enn russisk sone har for norske fiskarar, seier Maråk.

Meir å lese på Herøynytt:
Fakta
  • Reketrålaren «Remøy» er eigd av Remøy Havfiske i Fosnavåg. Båten er bygd ved Myklebust mek. verksted i 2001 og heitte tidlegare «Hopen» og var eigd av Åge Remøy.
  • 10. mai blei «Remøy» teken i arrest av russisk kystvakt. Bakgrunnen var ein feil i lisensdokumenta som trålaren må ha for å fiske i russisk sone. Norske styresmakter skal ha kryssa av for kvitfisk i staden for reke.
  • Russland krev 90 millionar kroner i kausjon for å sleppe fri båten.
Båten: «Remøy» har 500 tonn reker om bord, som skal til Tromsø for levering. For kvar dag som går blir konsekvensane stadig større for mannskap og reiarlag. FOTO: Privat
            (Foto: innsendt)

Båten: «Remøy» har 500 tonn reker om bord, som skal til Tromsø for levering. For kvar dag som går blir konsekvensane stadig større for mannskap og reiarlag. FOTO: PrivatFoto: innsendt

Leses nå: