Person skadd i ulykke

Naudetatane rykker ut til Drageskaret i Sande kommune.

Politiet på Sunnmøre melder måndag kveld om ei trafikkulykke ved Drageskaret i Sande kommune.

Det skal vere snakk om ein bil som har køyrd av vegen, og ein person er skadd.

Lettare skadd

110-sentralen opplyser at personen er teken hand om av helsepersonell på staden.

Like etterpå opplyser operasjonsleiar Terje Ødegaard i politiet til smp.no at personen, som er frakta til lege, er lettare skadd.

– Ville unngå kollisjon

Utforkøyringa skal ha skjedd fordi bilføraren ville unngå kollisjon med møtande bil.

– Det blir oppretta ei sak, og vi jobbar no med å hente inn forklaringar frå dei involverte, seier Ødegaard til smp.no.

Ein kranbil tek seg av bilen som køyrde av vegen.

Har du tips eller foto? Kontakt oss på 95400400@smp.no

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå: