Olav Remøy og Kristin Remøy i Remøy Havfiske fortel om trålarkonflikten i Russland.
(Foto: Marius Rosbach)

Olav Remøy og Kristin Remøy i Remøy Havfiske fortel om trålarkonflikten i Russland. Foto: Marius Rosbach

Reiarlaget om trålarkonflikt: - Kom som lyn frå klar himmel

Remøy Havfiske møtte pressa for å fortelje om trålaren som ligg i Russland.

Reketrålar frå Herøy ligg framleis i Murmansk og ventar på å få sleppe fri

Så mye taper reiarlaget på arresten - kvar dag

Den fastlåste situasjonen for reketrålaren «Remøy» er dramatisk. Mannskap og reiarlag taper ein halv million kroner i fangstinntekter per dag.


Reketrålaren Remøy ligg framleis i arrest i Murmansk, etter at den vart heldt tilbake av russisk kystvakt for to veker sidan.

Leiinga i Remøy Havfiske kalla inn til pressekonferanse i Fosnavåg onsdag.

– Surrealistisk

Der fortalte  styreleiar Olav Remøy og dagleg leiar Kristin Remøy om arbeidet dei gjer for å løyse konflikten. Trålaren har eit mannskap på 17 om bord.

Trålaren var på veg ut av russisk sone onsdag i førre veke då russiske inspektørar kom om bord. Dei sjekka fangsten opp mot lisenspapira og tok båten med til Murmansk. Sidan har reiarlaget, Remøy Havfiske i Fosnavåg, jobba intenst med å få frigitt skipet.

Olav Remøy startar orienteringa:

- Dette var ei sak som kom som lyn frå klar himmel. Mannskapet var i ferd med å avslutte ein rutinemessig tur. Dei fekk beskjed om at dei blei kontrollerte, noko som ikkje er uvanleg. Det som då skjedde vidare var surrealistisk, seier Remøy.

- Heldigvis har vi ein røynd skippar som har handert situasjonen på ein god måte.

(saka held fram under)

Merksemd Fleire medier møtte opp i lokala til fiskeribedrifta i Fosnavåg, og etterpå skulle leiinga i intervju på riksdekkande radio.
(Foto: Marius Rosbach)

Merksemd Fleire medier møtte opp i lokala til fiskeribedrifta i Fosnavåg, og etterpå skulle leiinga i intervju på riksdekkande radio. Foto: Marius Rosbach

 

– Alt etter boka

Remøy fortel at dei fekk lisens og gjekk via kontrollpunkt før fiske, og rapporterte fangst kvar dag til både norske og russiske myndigheiter.

- Dei har gjort alt etter boka. Turen var ferdig og dei skulle losse i Tromsø den 11. mai, da dei kom til kontrollpunktet. Dei tenkte det ville bli rutine, seier han.

Seint onsdag kveld ringte skipperen til Remøy og fortalte om uklarheit i lisensdokumentet.

- Eg tenkte dette kunne løysast kjapt og enkelt. Det var lett å sjå kva som var årsaka til denne feilen, seier Remøy.

- Fiskeridirektoratet var raskt på bana og skreiv eit notat til russiske myndigheiter og vi tenkte dette ville løyse seg raskt. Men russerane krevde at båten skulle gå til Murmansk. Eg tenkte framleis at dette skulle løyse seg raskt.

- Men dagane gjekk, seier Olav Remøy.

– Fått store konsekvensar

- Saka blei meir innvikla, utan at eg vil spekulere i det. Det er ikkje gjort nokon anna feil enn dette lisensdokumentet som ikkje var slik det skulle vere. Det har fått store konsekvensar både for mannskap, båt og reieri. Og dette påløper oss store kostnadar. Vi har advokatar i Norge og Russland, og tapte fangstinntekter både for mannskap og reiarlag, fortel Remøy.

Remøy meiner saka har pågått altfor lenge. Han har lenge trudd på ei løysing.

– Det har gått politikk i det. Mannskapet har blitt behandla godt der borte, men det er ei kjennsgjerning at dei var på veg heim.

– Vi er glad saka blir jobba med på høgste nivå. Vi kan ikkje seie i dag kva tid vi ser ei løysing. Vårt fokus er å få båten raskt heim, seier Olav Remøy.

Imponert over mannskapet

Dagle leiar Kristin Remøy i Remøy Havfiske seier situasjonen er vanskeleg og krevande.

- Eg er imponert over måten mannskapet har takla situasjonen på. All ros til kaptein Kjetil Ervik. Vi setter pris på måten mannskapet støttar oss på, seier Kristin Remøy.

Etter informasjonsrunda er det tid for spørsmål fra media.

- Lisensiering av fiskebåtane er ei sak mellom myndigheitene. For oss er det nok å vite at båten er lisensiert. Det har vi søkt om og fått. I ettertid viser det seg at lisensen ikkje er gyldig for reker. Det har Fiskeridirektoratet i ettertid erkjent, seier Olav Remøy.

- Vi var ikkje førebudd på ei krav om 90 millionar kroner. Alvoret gjekk opp for oss først når dette talet kom. Eg veit ikkje kvifor dei kom opp med denne summen. Det vil eg ikkje spekulere i, seier Olav Remøy.

- Det mest realistiske er ein politisk dialog no. Det må løysast på politisk nivå. Og det må skje raskt. Vi ønskjer ikkje at dette skal dra ut i tid, seier han.

- Båtane er berekna å vere i aktivitet heile året, så vi tapar stort på denne situasjonen, seier styreleiaren i Remøy Havfiske avslutningsvis.

Bakgrunn:

Fiskeridirektoratet har sagt at dei ved ein feil ikkje kryssa av for rekefiske for Remøys søknad til russiske myndigheiter.


Remøy-saken opp i Stortinget

Reketråleren Remøys skjebne blir nå tatt opp i Stortinget. Liv Signe Navarsete (Sp) vil be utenriksminister Børge Brende (H) om svar på hva han vil gjøre.

Remøy i russisk arrest skal få nytt mannskap

Organisasjonen Fiskebåt jobber for å bytte ut deler av mannskapet på reketråleren Remøy. Den har ligget i Murmansk siden 10. mai da den ble tatt i arrest.

Meir å lese på Herøynytt:
(Foto: Fiskebat.no)

Foto: Fiskebat.no

Leses nå:

Hei, har du sett mange som meg i det siste?

Derfor ser du så mykje grågås!

– Nokre stadar har forholda vorte heilt ideelle for grågåsa, svarar Alv Ottar Folkestad til folk som reagerer på mykje grågås.

Superyacht frå Kleven:

Har du kring ein halv milliard til overs?

Den Kleven-bygde yachten Ulysses er framleis for sal eit år etter den blei lagt ut. Designaren trur ikkje eigaren er bekymra og peiker på at marknaden for utleige er stor.

Millioner til rydding av plast

Regjeringen deler ut ytterligere 25 millioner kroner til organisasjoner som vil rydde kysten for plast. Polarinstitutt-forsker mener mye arbeid gjenstår.

Herøy-ordførar sjukmeld

Ordførar i Herøy kommune, Arnulf Goksøyr, er sjukmeld på ubestemt tid.

Ytring:

Kunsten å anmelde: Sunnmørsposten skuffer!

Både Sunnmørspostens lesere og Herøy-spelets deltakere fortjener bedre, skriver skuespilleren etter at Sunnmørspostens anmeldte Herøyspelet.

Lysner i offshore

Olympic med langtidskontrakt for subsea-skip

Stig Remøys Olympic Subsea har inngått en langtidskontrakt for skipet Olympic Delta.

– Her var det overraskande mange blekksprutnebb

Dette seier ein marinbiolog etter obduksjonen av ein 7,3 meter lang nebbkval i Herøy i går.