Reketrålaren Remøy er fri frå arrest og på veg heim. Bilde er teke av styrmannen om bord.
(Foto: REMØY)

Reketrålaren Remøy er fri frå arrest og på veg heim. Bilde er teke av styrmannen om bord. Foto: REMØY

Reketrålaren Remøy er fri frå arrest og på veg heim. Bilde er teke av styrmannen om bord torsdag kveld.
(Foto: REMØY)

Reketrålaren Remøy er fri frå arrest og på veg heim. Bilde er teke av styrmannen om bord torsdag kveld. Foto: REMØY

Reketrålaren Remøy er fri frå arrest og på veg heim. Bilde er teke av styrmannen om bord torsdag kveld.
(Foto: REMØY)

Reketrålaren Remøy er fri frå arrest og på veg heim. Bilde er teke av styrmannen om bord torsdag kveld. Foto: REMØY

Reketrålaren Remøy er fri frå arrest og på veg heim. Bilde er teke av styrmannen om bord torsdag kveld.
(Foto: REMØY)

Reketrålaren Remøy er fri frå arrest og på veg heim. Bilde er teke av styrmannen om bord torsdag kveld. Foto: REMØY

1 / 4

Reketrålaren Remøy er fri frå arrest

I ei pressemelding blir det opplyst at reketrålaren Remøy frå Herøy er på veg til Tromsø etter drøyt tre veker i arrest.

– Vi er svært glade for at mannskap og båt no er på veg til Tromsø. Mannskapet som er om bord har vore under eit stort press, og vi er difor glade for at vi no kan ønske dei velkomen heim, etter åtte veker på sjøen , seier Olav Remøy, styreleiar i Remøy Havfiske, i pressemeldinga.

Det var den russiske kystvakta som tok reketrålaren i arrest onsdag 10. mai. Årsaka var at Fiskeridirektoratet fylte ut lisensskjemaet feil.

Ni av mannskapet på 17 fekk reise heim 26. mai.

– Vi er fri og er no på veg til Norge. Eg driv og manøvrerer ut frå fjorden ved Murmansk og kan ikkje prate så mykje no, seier skipper Kjetil Ervik til smp.no seint torsdag kveld.

– Liten feil

Ifølge Olav Remøy er det skremande at ei så lita sak skulle få så store konsekvensar og ta så lang tid.

Han meiner det var ein bagatellmessig feil, noko som kunne vore løyst straks.

Trålaren var på veg ut av russisk sone onsdag 10. mai då russiske inspektørar kom om bord. Dei sjekka fangsten opp mot lisenspapira og tok båten med til Murmansk.

Russiske styresmakter la på bordet eit kausjonskrav på 90 millionar. Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i Fiskebåt, seier til smp.no torsdag kveld at det verken frå rederiet eller den norske stat er betalt ut kausjon.

Fiskeridirektoratet har sagt at dei   ved ein feil ikkje kryssa av for rekefiske for Remøys søknad til russiske myndigheiter .

Tromsø laurdag

– Når båten no kjem til Tromsø, skal vi losse, bunkre drivstoff, skifte ut resten av mannskapet, og få den ut på fiske igjen så snart som mogleg, opplyser Remøy.

Mannskap og båt er venta å kome til Tromsø på laurdag. Sjølv om båten er fri frå arrest, er saka framleis under saksbehandling i det russiske rettssystemet, opplyser selskapet i pressemeldinga.

Så seint som i fjor kjøpte selskapet Remøy Havfiske trålaren med fiskerirettar frå Åge Remøy.

LES ALT OM SAKA HER

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Reketrålaren Remøy er fri frå arrest

I ei pressemelding blir det opplyst at reketrålaren Remøy frå Herøy er på veg til Tromsø etter drøyt tre veker i arrest.

Omkom i arbeidsulukke

Ein 41 år gammal mann omkom i ei arbeidsulukke ved Myklebust verft i Sande kommune onsdag kveld.

Køyrde i 110 km/t i 60-sone

Ein bilførar mista førarkortet etter å ha køyrt i 110 km/t i ei 60-sone i Herøy.

Havila sikra kontrakt for to nye skip

Havila melder om to nye kontraktar.

Ni får reise frå Murmansk i dag

Ni av mannskapet på den arresterte reketrålaren Remøy i dag startar på heimreisa.

Reketrålar frå Herøy ligg framleis i Murmansk og ventar på å få sleppe fri

Milliontap for «Remøy»

Den fastlåste situasjonen for reketrålaren «Remøy» er dramatisk. Mannskap og reiarlag taper ein halv million kroner i fangstinntekter per dag.

Remøy i russisk arrest skal få nytt mannskap

Organisasjonen Fiskebåt jobber for å bytte ut deler av mannskapet på reketråleren Remøy. Den har ligget i Murmansk siden 10. mai da den ble tatt i arrest.