Havila-direktør Njål Sævik ser teikn til betring i den kriseramma reiarbransjen. Arkivfoto
(Foto: Marius Rosbach)

Havila-direktør Njål Sævik ser teikn til betring i den kriseramma reiarbransjen. Arkivfoto Foto: Marius Rosbach

Tre-årskontraktar for to Havila-skip

Statoil-oppdrag for Herøy-reiarlaget.

PSV-ane Havila Foresight og Havila Charisma får fast arbeid for Statoil dei neste tre åra, og avtalen med oljeselskapet kan bli forlenga med tre nye år.

Begge kontraktane er ei vidareføring av noverande avtalar, ifølgje ei børsmelding tidleg onsdag.

Krever miljøtiltak

For å sikre seg oppdraget har reiarlaget frå Herøy vore nøyd til å investere i batteridrift og landstraum, som vil spare drivstoff. Så langt i år har Havila sikra seg kontraktar for seks skip.

Tysdag melde også Solstadfarstad at PSV-en Far Searcher skulle få installert eit energilagringssystem i samband med skipet sin nye femårskontrakt med Statoil.

Også reiarlaget DOF melde onsdag om to fem-årsavtalar for Statoil på to PSV-ar.

Ser betring

Havila opplyser ikkje kva dei får betalt for oppdraga.

– Dei siste avtalene er inngått til prisar eg meiner vi skal klare å tene bra på. Eg skal på ingen måte forsøke å friskmelde bransjen, men aktiviteten er i alle fall høgare, seier Havila-sjef Njål Sævik i ei pressemelding.

For Havila Charisma sin del går jobben fram til desember 2020, medan avtalen for Havila Foresight gjeld til januar 2021.

Femårs-kontrakt til «Far Searcher»

Skipet går inn i Statoil sin PSV-flåte på norsk kontintenalsokkel. Statoil har opsjon på ytterligere fem år.

 

«Havila Forsight».
(Foto: Havila)

«Havila Forsight». Foto: Havila

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Hei, har du sett mange som meg i det siste?

Derfor ser du så mykje grågås!

– Nokre stadar har forholda vorte heilt ideelle for grågåsa, svarar Alv Ottar Folkestad til folk som reagerer på mykje grågås.

Superyacht frå Kleven:

Har du kring ein halv milliard til overs?

Den Kleven-bygde yachten Ulysses er framleis for sal eit år etter den blei lagt ut. Designaren trur ikkje eigaren er bekymra og peiker på at marknaden for utleige er stor.

Millioner til rydding av plast

Regjeringen deler ut ytterligere 25 millioner kroner til organisasjoner som vil rydde kysten for plast. Polarinstitutt-forsker mener mye arbeid gjenstår.

Herøy-ordførar sjukmeld

Ordførar i Herøy kommune, Arnulf Goksøyr, er sjukmeld på ubestemt tid.

Ytring:

Kunsten å anmelde: Sunnmørsposten skuffer!

Både Sunnmørspostens lesere og Herøy-spelets deltakere fortjener bedre, skriver skuespilleren etter at Sunnmørspostens anmeldte Herøyspelet.

Lysner i offshore

Olympic med langtidskontrakt for subsea-skip

Stig Remøys Olympic Subsea har inngått en langtidskontrakt for skipet Olympic Delta.

– Her var det overraskande mange blekksprutnebb

Dette seier ein marinbiolog etter obduksjonen av ein 7,3 meter lang nebbkval i Herøy i går.