Torsdag var pressa invitert til demonstrasjon av ein modell av skipet ved Sintef sitt Havlaboratorium i Trondheim. Ein seks meter lang og 2,4 tonn tung modell segla i testbassenget. Det ferdige skipet blir 80 meter langt og 15 meter bredt. Klikk for fleire bilde
            (Foto: Ned Alley / NTB scanpix)

Torsdag var pressa invitert til demonstrasjon av ein modell av skipet ved Sintef sitt Havlaboratorium i Trondheim. Ein seks meter lang og 2,4 tonn tung modell segla i testbassenget. Det ferdige skipet blir 80 meter langt og 15 meter bredt. Klikk for fleire bildeFoto: Ned Alley / NTB scanpix

(Foto: Ned Alley / NTB scanpix)

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

(Foto: Ned Alley / NTB scanpix)

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

1 / 3

Her testar dei verdas første sjølvstyrte skip - designa på Sunnmøre

Prestisjeprosjektet med konteinerskipet Yara Birkeland blei torsdag testa ved SINTEF i Trondheim.

Herøy-selskapet Marin Teknikk kunne torsdag for første gong vise fram korleis deira siste prosjekt blir sjåande ut.

– Dette er heilt fantastisk, seier ein oppglødd salsdirektør Richard Gjerde i Marin Teknikk til smp.no då testen er over.

Skipsdesignarane frå Sunnmøre har teikna det som ligg an til å bli det første sjølvstyrte skipet i verda - iallfall i kommersiell drift.  Skipet som etter planen skal driftas autonomt frå 2020, vil få namnet «Yara Birkeland» etter fysikaren Kristian Birkeland. 

(saka held fram under)

Herøy-trio Både prosjektleiar Jarl Åge Vågsholm, salsdirektør Richard Gjerde og adminstrerande direktør Svein-Rune Gjerde deltok på seansen i Trondheim torsdag, saman med toppane frå dei andre partnarane i prosjektet - og olje og energiminister Terje Søviknes. 
            (Foto: Ned Alley / NTB scanpix)

Herøy-trio Både prosjektleiar Jarl Åge Vågsholm, salsdirektør Richard Gjerde og adminstrerande direktør Svein-Rune Gjerde deltok på seansen i Trondheim torsdag, saman med toppane frå dei andre partnarane i prosjektet - og olje og energiminister Terje Søviknes. Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Marin Teknikk er i gjevt selskap i arbeidet med skipet som blir omtala som ein revolusjon til sjøs - og blei kalla «Havets Tesla» då Washington Post nyleg skreiv om prosjektet. Kongsberg Gruppen utviklar teknologien, SINTEF Ocean står for testing medan DNV GL gjer sertifisering.

Konteinerskipet vil ha elektrisk framdrift og skal gå mellom Yara-fabrikken på Herøya i Porsgrunn og utskipingshamnene i Breivik og Larvik. Det vil erstatte kring 120 trailerar som no køyrer strekninga dagleg.

133 mill. frå Enova

Yara lagar mineralgjødsel  ved Herøya industripark og på sikt skal heile prosessen med fortøying, lasting og lossing gjerast elektrisk. Først då reknar ein med at flyttinga av godset frå veg til sjø er lønnsam.

Torsdag blei det også klart at Enova støttar prosjektet med 133 millionar kroner.

– Om dei lukkast, betyr dette ei ny tid for godstransport til sjøs, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova i ei pressemelding.

Løysingane på sjø og land vil kutte utslepp tilsvarande 750 tonn CO2 i årleg og kreve langt mindre energi.


Kappløp med Trondheim og Horten:

Vil ha førarlaus ferje over Fosnavågen

Fosnavåg kan bli mellom dei første stadene i landet som får passasjertrafikk med eit førarlaust fartøy.

Marin Teknikk har fleire yachtjobbar på handa

Men Herøy-bedrifta bad arbeidsministaren om regelendring som kan gi meir jobb lokalt på luksusfartøy.


 
Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Leiteaksjon ved Herøybrua

Redningsskøyte, brannvesen og helikopter i aksjon ved Herøybrua seint laurdag kveld.

Årets Gaselle i Møre og Romsdal

RS-Systems fra Fosnavåg er årets gaselle-bedrift i Møre og Romsdal.

Uavklart for «Sett Sjøbein»

«Sett Sjøbein» er usikre på om dei er med i neste års statsbudsjett.

Mykje torskeyngel i nord

Etter to labre år er det no mykje torskeyngel i Barentshavet, melder Havforskningsinstituttet.

Opsjon for «Havila Clipper»

Mærsk Olie og Gas har, ikkje uventa, erklært seks månaders opsjon for PSV-fartøyet «Havila Clipper», melder Havila Shipping onsdag morgon.

Til sjukehus i helikopter:

Falt under arbeid med brusøyle