– Mann skalla og slått i ansiktet i Herøy

Ved 02.30-tida natt til søndag fekk politiet melding om slåssing mellom fleire personar i Fosnavåg.

Då patruljen kom til staden hadde slåssinga stansa og dei involverte var ikkje lengre på staden, opplyste politiet på Twitter.

– Ein mann har opplyst at han blei skalla og slått i ansiktet, og har opplyst namn på mistenkt gjerningsmann, seier operasjonsleiar Arild Reite for politiet på Sunnmøre til smp.no.

Saka er registrert som kroppskrenking og den fornærma vil melde saka til politiet over helga.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå: