Asbest  Det er strenge reglar for handtering av asbesthaldige materiale. Bergsøy skule avdeling Borga er bygd i ei tid då det var lovleg med asbesthaldige byggemateriale.
            (Foto: HERØY KOMMUNE)

Asbest Det er strenge reglar for handtering av asbesthaldige materiale. Bergsøy skule avdeling Borga er bygd i ei tid då det var lovleg med asbesthaldige byggemateriale.Foto: HERØY KOMMUNE

Herøy kommune fekk asbestbot på 200.000 – risikerer dagbøter i tillegg

Etter at fleire personar blei utsette for asbest under rehabilitering av Bergsøy skule måtte Herøy kommune betale ei bot på 200.000 kroner. No risikerer kommunen dagbøter i tillegg.

I fjor haust fekk Arbeidstilsynet ei uromelding om mogleg ulovleg asbestarbeid ved rehabilitering av Bergsøy skule, Borga. Tilsynet avdekka etter kvart fleire brot på arbeidsmiljølova.

Arbeidstilsynet meiner det er sannsynleg at både kommunen sine eigne folk og innleigde folk blei eksponert for asbest under arbeidet.

Og dei meiner kommunen sin handlemåte har vore svært aktlaus.

I ei så alvorleg sak kunne kommunen ha blitt meld til politiet, og dette talar for høgt gebyr.

– Vi legg oss flate og erkjenner dei faktiske forholda, sa rådmann Olaus Jon Kopperstad til Vestlandsnytt.

Betalte bot

Herøy kommune betalte ei bot på 200.000 kroner, men Arbeidstilsynet meiner fleire punkt ikkje er følgd opp.

Kommunen fekk frist til 14. september med å lage eit asbestregister. I eit brev datert 26. september kjem det fram at kommunen ikkje gav noko tilbakemelding.

Arbeidstilsynet vil no krevje inn 1.000 kroner per vekedag (måndag til laurdag) om ikkje Herøy kommune lagar ei oversikt over alle arbeidstakarar som har arbeidd med asbest på skulen.

Kommunen må også skildre korleis dei skal sikre at ikkje nye arbeidstakarar blir eksponert for asbest.

– Det pågår ein dialog med kommunen, og dette vil det mest truleg kome ei løysing på, men vi har førebels ikkje fått det vi ber om i hende, seier Svein Arne Laugen i Arbeidstilsynet til Sunnmørsposten.

Fristen for tilbakemelding er 10. oktober. Frå onsdag 11. oktober vil Arbeidstilsynet krevje dagbøter.

Tek sikte på å svare ut

Rådmann Kopperstad reknar med at Herøy kommune skal gje eit svar til Arbeidstilsynet i løpet av denne veka.

– Så vil det vere opp til Arbeidstilsynet å vurdere, men vi tek sikte på at vi vil svare ut dei punkta, seier Kopperstad.

Han stadfestar at kommunen allereie har betalt ei bot på 200.000 kroner.

– Kva skjer med rehabiliteringa av skulen no?

– Dette gjekk først på golvbelegg. Det som skjer på Borga no er meir utvendig rehabilitering. Vi går over fasade og tek ein gjennomgang av taket.

Rådmann Kopperstad seier at rehabiliteringa vil gå over lang tid og kommunestyret er no inne i ein budsjettdiskusjon.

– Det blir lagt inn tiltak i budsjett og økonomiplan for å forlenge levetida på Borga. Dette går på ventilasjon i klasserom og innvendig og utvendig rehabilitering, seier han.

Kommunen håpar å bli ferdig innan 2021, men det er vanskeleg å vite kor omfattande arbeidet er.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Leiteaksjon ved Herøybrua

Redningsskøyte, brannvesen og helikopter i aksjon ved Herøybrua seint laurdag kveld.

Årets Gaselle i Møre og Romsdal

RS-Systems fra Fosnavåg er årets gaselle-bedrift i Møre og Romsdal.

Uavklart for «Sett Sjøbein»

«Sett Sjøbein» er usikre på om dei er med i neste års statsbudsjett.

Mykje torskeyngel i nord

Etter to labre år er det no mykje torskeyngel i Barentshavet, melder Havforskningsinstituttet.

Opsjon for «Havila Clipper»

Mærsk Olie og Gas har, ikkje uventa, erklært seks månaders opsjon for PSV-fartøyet «Havila Clipper», melder Havila Shipping onsdag morgon.

Til sjukehus i helikopter:

Falt under arbeid med brusøyle