Falt Ulukka skal ha skjedd under arbeid med ei søyle på Herøybrua. 
        
            (Foto: Torgeir Are Sortehaug/Redningsselskapet)

Falt Ulukka skal ha skjedd under arbeid med ei søyle på Herøybrua.  Foto: Torgeir Are Sortehaug/Redningsselskapet

Til sjukehus etter fallulukke ved Herøybrua

Ein mann i 30-åra blei utsett for ei arbeidsulukke ved Herøybrua tidleg måndag.

Ifølgje politiet dreier det seg om ei fallulukke. Ålesund sjukehus opplyser at skadane er moderate og at tilstanden til mannen er stabil. Han får behandling på intensiv avdeling.

Eit ambulansehelikopter kom til staden like etter klokka 10 og frakta mannen til sjukehus. Mannen var ifølgje politiet ved medvit etter ulukka.

– Mannen skal ha falt i samband med oppgraderingsarbeidet som skjer på brua for tida, opplyser operasjonsleiar Kenneth Sætre hos politiet i Møre og Romsdal.

ifølgje NRK Møre og Romsdal har mannen falt om lag fire meter ned frå eit stillas ved ei søyle under brua. Etter fallet skal han ha blitt liggjande på brukaret nede ved sjøen.

(saka held fram under)

Våken Mannen var ifølgje politiet ved medvit etter ulukka, men blei floge til Ålesund sjukehus. 
        
            (Foto: Torgeir Are Sortehaug/Redningsselskapet)

Våken Mannen var ifølgje politiet ved medvit etter ulukka, men blei floge til Ålesund sjukehus.  Foto: Torgeir Are Sortehaug/Redningsselskapet

Både brannvesen, ambulansefolk og redningsskøyta Idar Ulstein blei difor sendt til staden for å hjelpe til i aksjonen.

Ein kriminalteknikar og politipatrulje vil jobbe på staden for å finne ut årsaka til det som skjedde.

Det er lysregulering for bilistane i samband med arbeidet. Politiet har ikkje fått melding om at hendinga får andre konsekvensar for trafikken.

 
Meir å lese på Herøynytt:
 
Leses nå:

Kreditorer måtte punge ut for Remøy si siste krill-tokt

Borevisor stiller spørsmål ved om Stig Remøy-selskapet burde reist på sin siste tokt.

Omgangssjuke på sjukeheim: – Har kontroll

Kommuneoverlegen i Herøy opplyser at det er utbrot av Norovirus (omgangssjuke) ved ei sjukeheimsavdeling i Myrvåg.

Fekk vatn i kjellaren

Brannvesenet måtte hjelpe fleire huseigarar som fekk vatn i kjellaren natt til laurdag.

Gjennombrot i Russland for Herøy-selskap:

Slik fekk dei gjennombrot i den russiske markaden

Kontrakt med tre russiske fiskeriselskap for levering av design- og engineeringpakkar for moderne autolinefartøy.