Havyard Group sitt verft i Leirvik. Arkivbilde
            (Foto: Knut Arne Aarset)

Havyard Group sitt verft i Leirvik. ArkivbildeFoto: Knut Arne Aarset

Svakare enn venta for Havyard

Resultatet for 3. kvartal blei dårlegare enn venta for Havyard Group.

Inntektene stoppa på 350 millionar – noko som betyr at omsetnaden ved utgangen av kvartalet enda på 968 millionar så langt i år.

Det er om lag ein halv mrd. svakare enn på same tid i fjor. Resultatet før skatt blei på minus 49 millionar kroner for kvartalet, ifølgje børsmeldinga. For året samla etter ni månader blei underskottet på 59 millionar før skatt.

Konsernet påpeiker samstundes at dei ventar å kome sterkare tilbake i 2018 grunna fleire ordrar – særleg ved Leirvik-verftet. Havyard som har hovudkontor i Herøy, skal mellom anna byggje fleire ferjer for Fjord1.

Havyard-sjefen meiner det blir ein «skrekkblanda fryd» å bygge ferjer som skal gå i heimtraktene.

Bygging av fem nye elferjer som Fjord1 skal sette inn på Sulesund-Hareid og Magerhol-Sykkylven gir nye arbeidsplassar på Sunnmøre.

Har Sunnmøres største pengebinge

Herøy-reder Per Sævik sitter etter alt å dømme på Sunnmøres største pengebinge. Der befinner det seg rundt 1,5 milliarder kroner i kontanter.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Leiteaksjon ved Herøybrua

Redningsskøyte, brannvesen og helikopter i aksjon ved Herøybrua seint laurdag kveld.

Årets Gaselle i Møre og Romsdal

RS-Systems fra Fosnavåg er årets gaselle-bedrift i Møre og Romsdal.

Uavklart for «Sett Sjøbein»

«Sett Sjøbein» er usikre på om dei er med i neste års statsbudsjett.

Mykje torskeyngel i nord

Etter to labre år er det no mykje torskeyngel i Barentshavet, melder Havforskningsinstituttet.

Opsjon for «Havila Clipper»

Mærsk Olie og Gas har, ikkje uventa, erklært seks månaders opsjon for PSV-fartøyet «Havila Clipper», melder Havila Shipping onsdag morgon.

Til sjukehus i helikopter:

Falt under arbeid med brusøyle