TILBAKE: Arnulf Goksøyr har vore ordførar i Herøy i 14 år. Etter eit halvt års sjukefråvær på grunn av kreft, er han no tilbake i halv jobb. FOTO: TERJE ENGÅS
            (Foto: Terje Engås)

TILBAKE: Arnulf Goksøyr har vore ordførar i Herøy i 14 år. Etter eit halvt års sjukefråvær på grunn av kreft, er han no tilbake i halv jobb. FOTO: TERJE ENGÅSFoto: Terje Engås

Har kjempa seg gjennom sin tøffaste kamp

Dagen etter at han hadde feira bursdag, kom sjokkbeskjeden: Han hadde fått ein livstrugande sjukdom: Blodkreft. Neste stopp var St. Olavs Hospital i Trondheim.

Arnulf Goksøyr er tilbake på rådhuset i Herøy

– Eg hadde ikkje utsett meg for noko som kan ha forårsaka sjukdommen. Det er som å få svarteper. Eg var uheldig.

Vi møter Arnulf Goksøyr (54) eit halvt år seinare. Han har nyss kome tilbake på det som har vore ordførarkontoret hans på Herøy rådhus i 14 år.

Legane har sagt at han er kreftfri. Førebels er han i halv jobb.

– Det er godt å kome seg ut av sjukesenga og kvilestolen. Men eg blir fort sliten, og legane har sagt at eg må ta det med ro, legg han til. Goksøyr ser seg rundt, og konstaterer at vikaren Camilla Storøy langt ifrå har rota til kontoret. Kanskje er det litt ryddigare enn før.

Tøffe kurar

For sin eigen del er eit knallhardt halvår unnagjort utanfor politikken. Lange opphald på sjukehus og tøffe cellegiftkurar har sett sine spor. Mellom anna vart han nærast hårlaus. No held det på å vekse ut att.

Arnulf Goksøyr meiner det er tre grunnar til at han kom seg gjennom dei vanskelege månadene med livet i behald: Særs dyktig helsepersonell, god psyke – og ikkje minst kona Aud som har stått last og brast ved sjukesenga.

– Trudde du nokon gong at dette ikkje skulle gå så bra?

– Nei, eg gjorde faktisk ikkje det. Eg er optimist, og tenkte at dette skulle eg klare.

Det heile starta altså sist sommar. I ei tid gjekk han og kjente seg tungpusta og ute av form. Litt slørete syn opplevde han også. Då han i tillegg fekk smerter i ryggen, like over hofta på den eine sida, oppsøkte han fastlegen sin.

– Han tok ei blodprøve. Og 5. juli fekk eg beskjed om å kome på legekontoret. Mistanken om kreft var der, og eg vart sporenstreks sendt vidare til sjukehuset i Volda. Der slo dei fast at eg hadde blodkreft, akutt lymfatisk leukemi og at det var ein livstrugande diagnose.

Goksøyr fekk dra heim i eit par timar, slik at han kunne informere familie og kollegaer. Morgonen etter sat han på flyet til Trondheim.

– På St. Olavs sa dei at eg hadde 90 til 95 prosent kreftinfisert blod, og at det ikkje var mykje meir å gå på.

Etter 28 dagar med intensivbehandling fekk han dra heim på sin første permisjon. Sidan har det blitt mange turar til Trondheim, og også nokre til Volda, for å ta cellegiftbehandling. Det skal han halde fram med gjere i lang tid framover.

Ville vere open

– Du valde tidleg å vere open om sjukdommen?

– Ja, eg er ein offentleg person og ville sjølv styre diagnosen min, i staden for at folk skule spekulere i både det eine og det andre. Difor har eg lagt ut nokre meldingar på Facebook undervegs, men ikkje oftare enn ved milepålar, som til dømes då legane sa at eg var kreftfri. Det skjedde etter 79 dagar med behandling.

– Samtidig veit eg at det kan kome tilbakeslag.

Før sjukdommen råka han, var Goksøyr i god form, og levde sunt. Men han ser i dag at han arbeidde for mykje. Det har han tenkt å gjere mindre av i åra framover. Han vil iallfall ha fri når han har fri.

– Eg skal bruke kvardagen litt annleis. Til no har eg ikkje spart meg i jobbsamanheng. Framover vil eg mellom anna vere meir saman med dei seks barnebarna mine. Legen har vidare sagt at eg bør passe meg for infeksjonar, og halde meg unna store folkemengder. Dei faste Syden-reisene blir det nok ikkje noko av med det første.

Råkar yngre

Blodkreft er noko som oftare råkar barn og unge, enn vaksne. Slik sett var Arnulf Goksøyr først uheldig. Og deretter heldig, ettersom han vart frisk.

54-åringen har barnetrua si, men legger til at den er heller grunn. Derimot veit han at det er folk som har bede for han.

– Eg trur at det kan vere ei kraft som gjev meg styrke, det at folk tenkjer på meg. Ja, det var familiemedlemmer som kontakta meg og sa at dei ville gje meg stamceller, om eg trengde det, seier Goksøyr og blir tjukk i stemma.

– Nei, no må eg skifte tema, seier han litt brydd og kremtar.

Oppgåver på rådhuset

Eit anna, meir nøytralt tema kan vere kva for oppgåver som no ligg og ventar på pulten på rådhuset?

– Vi må trimme økonomien i Herøy. Skatteinntektene har svikta, og då må også utgiftene ned, seier Arnulf Goksøyr, og er igjen blitt Høgre-ordførar i intervjuet.

Han har også mykje å lese seg opp på:

– I dei månadene eg var sjuk orka eg ikkje å lese noko særleg. Det vart mest til at eg brukte mobiltelefonen til å oppdaterte meg litt på nyheiter.

– Du har skjerma deg ein del etter at du vart sjuk. Kvifor vel du å stå fram no?

– For å vise at vi har eit særs godt helsevesen som kan hjelpe oss om vi blir sjuke. Og så vil eg fortelje at det er håp, sjølv om ein får diagnosen blodkreft.

Det var ein livstrugande diagnose

Arnulf Goksøyr
Meir å lese på Herøynytt:
ORDFØRAR: Arnulf Goksøyr har bytta ut sjukesenga med kontorstolen på Herøy rådhus.
            (Foto: Terje Engås)

ORDFØRAR: Arnulf Goksøyr har bytta ut sjukesenga med kontorstolen på Herøy rådhus.Foto: Terje Engås

Leses nå:

Kreditorer måtte punge ut for Remøy si siste krill-tokt

Borevisor stiller spørsmål ved om Stig Remøy-selskapet burde reist på sin siste tokt.

Omgangssjuke på sjukeheim: – Har kontroll

Kommuneoverlegen i Herøy opplyser at det er utbrot av Norovirus (omgangssjuke) ved ei sjukeheimsavdeling i Myrvåg.

Fekk vatn i kjellaren

Brannvesenet måtte hjelpe fleire huseigarar som fekk vatn i kjellaren natt til laurdag.

Gjennombrot i Russland for Herøy-selskap:

Slik fekk dei gjennombrot i den russiske markaden

Kontrakt med tre russiske fiskeriselskap for levering av design- og engineeringpakkar for moderne autolinefartøy.

Regionavisa med åtte tilsette er konkurs

Regionavisa som har vore ei gratisavis for kommunane på Søre Sunnmøre har meldt oppbod.