|
Herøy - ei båtlengd føre ![]() Bilete av Fosnavåg laurdag 6. mai 2006. (Foto: Aleksander Pettersen) Fakta om Herøy kommuneAreal: 120 km² Innbyggjarar: 8.353 (01.01.2008) Adm. sentrum: Fosnavåg Herøy er ei øykommune på Sunnmøre, sørvest for Ålesund. Med Sunnmørsalpane som bakgrunn og storhavet som nærmaste nabo byr Herøy på vakker natur og fantastisk utsikt. Ei av dei åtte øyene i Herøy kommune heiter Runde. Fugleøya Runde er Skandinavias største og sørligaste fuglefjell. Fleire millionar sjøfuglar har hekkeplassen sin her, og heile 240 forskjellige fugleartar er observert. Fuglefjellet kan ein lett besøke ved å fylgje stiane opp til reservatet, eller ein kan bli med på lokale båtturar frå Runde havn. Rik natur er ikkje det einaste Herøy har å by på. Kystbyen Fosnavåg ligg på ei av Sunnmøres mest folkerike øyer, nemleg Bergsøya. Fosnavåg blir sett på som hovudstaden til Noregs offshore- og supplyflåte. I dei seinare åra har byen også utvikla seg til eit større handelssentrum i regionen. Hamna i Fosnavåg er ei naturleg hamn, faktisk den største i Noreg, noko som gjer dette til ein naturleg samlingsstad for båtar. Øykommunen Herøy består av åtte øyer, der alle dei seks øyene med befolkning har brusamband. Rundt desse øyene finn ein mange spennande holmar og ikkje minst gode fiskeplassar. Fiskeeventyret i Herøy lokkar kvart år til seg mange turistar frå både inn- og utland. Ytre og indre Herøy er knytt saman av Herøybrua som er den største brua i kommunen. Herøybrua er verdas lengste kassebru bygd etter fritt-fram metoden. Brua blei opna i 1976 av kong Olav og har ei totallengde på 544 meter. ![]() |
|
ANNONSER |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() |
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Konstituert redaktør er Anne Gry Eilertsen.
Utgjevarselskap: Herøynytt AS
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg
|